I gamle dagar  var det berre å sette seg på huk, 
og mange plassar vart tekne i bruk.
Den som var stiv i ryggen og stompen i legg
Måtte kanskje støtte seg mot mur eller vegg.
Mjuke sanitetsruller var ikkje for handa då,
men ein kunne ikkje godt la være å bruke eit råd.
Ein greip helst etter det ein lett kunne nå:
Mose eller gras gjerne tilgjengeleg var....
eller til med ein stein om han var aldri så ru og hard.
Denne metoden var praktisk og lett
og den belasta so visst ikkje noko budsjett.
Men ferske produkter kleimde seg ofte på støvler og skor,
 i huset vart det kanskje både synlege og duftande spor...
2
Ein framsynt mann med tankeliv rikt
sa at det var ei skam å trakke i slikt!
Me lagar eit lite hus som er tett og godt,
om veret er stygt - med treng ikkje ta det så brått!
Stampane bør helst vere nokså stor
og benken lagar me av fine bord.
Men ingen tenkte på tøming
før  dei toppen opp under enden kjende,
og det var  helst i utid og høgtid at dette hende.
Og når mannen kjem heim
han ofte som velkomsthelsing får:
"Stampane er haugen på fulle
og ut over kantane går !"
Og mannen  han tenkte med sjølve seg:
"Eg trur desse stampane vil drepa meg!"
So bygde han benken over gjødselkjellaren
og tenkte so glad og blid:
"No slepp eg tøma i all mi tid".
Om sommaren når sola var heit,
arbeidet tungt og stoffskiftet trengde på
det var reine idyllen å sitja på benken då,
hugnadsamt ut over fjorden å sjå
eller gamle aviser å lesa på.
3
Men utviklinga gjekk sin gang,
og han tenkte ofte når i uversnatta han sprang:
Kunne eg ha det under same tak.
ville sjølve sjauen  bli ei lita sak.
Og so vart det vassklosett med vaskeservant,
Luftreinsar  og kanskje bidet ...
flis på golv og veggar og dyrt som berre det..

4
Men etter kvart som tida gjekk vart det mindre stas,
og som han sat der innestengt på den komfortable plass,
han tenkte med vemod på sitt gamle dass.
----------------------------------------------
Musikk: Bonderomantikk
Jon  Huse
Tilbake til ord for dagen